Film & TV

John Wick: Chapter 4

Skrevet av andreas b / 30. March 2023

Del:

John Wick: Chapter 4 er regisert av Chad Stahelski, og er den fjerde filmen i serien. Keanu Reeves spelar igjen hovudrolla, og vart støtta opp av eit stort ensemble av både gamle og nye ansikt. 

Da fjerde kapittelet i sagaen om leigemordaren John Wick lever opp til dei allereie skyhøge forventningane eg hadde. Den er pakka full av spektakulære action sekvenser som få, om nokon, i filmbransjen kan leva opp til. Koreografi, stuntarbeid, filmfotograf og regissør bidrar alle, og bringer til liv nokre av dei beste scenane du vil sjå i år, eller noko anna år. Ser ein vekk ifrå dei enorme action sekvensane er John Wick serien også nokre av Hollywood vakraste action filmar. Filmfotografane i denne serien har alltid gjort ein utmerka innsats.

Filmen har også seriens beste handling. John Wick serien har alltid hatt ei solid handling driven av action, og i Chapter 4 vart sjåaren servert den sterkaste til nå. Eit par solide nye figurar bidrar godt til dette. Kung fu action legende Donnie Yen gjer ein enorm innsats i si rolla som blind leiemordar. Shamier Anderson er eit solid tilskot som Mr. Nobody, Bill Skarsgård er ein effektiv skurk og Hiroyuki Sanada gjer ein bra prestasjon i si rolla. 

John Wick serien har ein spesielle plass i hjarta på denne skribenten. John Wick var den første filmen eg skreiv om på Sistestopp. Toaren er ein av mine mest leste anmeldingarl, og den tredje var på mi lista over 2019s beste filmar. Dersom den fjerde skulle visa seg å vera slutten, så er den ei verdig avslutning på da som fortene å verta huska som ein av tidanes beste action seriar.

 

10/10

The Good:
  • Ingen gjer action betre
  • Stahelskis regi
  • Handlinga er kanskje seriens sterkaste
The Bad:
    Ingenting å utsette!