Film & TV

Fanga

Skrevet av andreas b / 18. August 2023

Del:

Fanga, Belle i nokre land, er ein fantasyskrekk-film regisert og skriven av Max Gold, og er delvis inspirert av da gamel eventyret, Skjønnheten og Udyret(La Belle et la Bête). Sjølv om filmen er filma på Island med islandske skodespelarar er den engelskspråkleg. Hovudrollene er spelt av Andrea Snædal og Ingi Hrafn Hilmarsson.

Fanga er ei mørkare tolking enn da som har vore gjort før. Handlinga minnar om dei klassiske versjonane, og likheitane dukkar opp ganske fort, men da er nok forskjellar til at filmen ikkje framstår som nok ein unødig "remake". Handlinga snublar litt mot midten og i byrjinga av tredje akt, og hadde nok hatt godt av ein ekstra tjue minutt. Dette bidrar også til at i ein lengre periode følte denne skribenten av skrekk-elementet forsvann litt, og gjekk over til ein meir standard overnaturleg thriller. Trass i desse problema med manuset har Gold regisert ein film som skårar bra på da visuelle, og er fin å sjå på.

Filmen er også greit spelt, og spesiell skryt går til Andrea Snædal som speler Belle. Ho skildrar dei ulike sidene av figuren godt, og blandar frykt, tristheit, sinne, humor og sjarm på ein meget god måte.

Fanga/Belle er ein solid fantasy og skrekk film som var verdt den vetle summen da kostar å leige den. Eit par problem med manus hindrar ei meir entusiastisk anbefaling, men den er framleis ein god nok film. 

7.0/10

The Good:
  • Andrea Snædal er sjarmerande
  • Mørk versjon som virker
The Bad:
  • Midten av handlinga har nokre problem