Film & TV

Oppenheimer

Skrevet av andreas b / 05. August 2023

Del:

Oppenheimer er ein historisk thriller regissert og skriven av Christopher Nolan. Cillian Murphy spelar hovudrolla, og vert støtta opp av blant anna Florence Pugh, Emily Blunt, Robert Downey Jr, Matt Damon, Josh Hartnett og Kenneth Branagh.

Dersom du har lese filmanmeldingar på Sistestopp over ein lengre periode er du klar over denne skribentens respekt for Chris Nolan. Han er ein av mine absolutte favoritt regissørar, som etter mi meining aldri har bomma på kvalitet, og fleire av hans filmar er på mi liste over personlege favoritter. Difor er eg veldig glad for å kunne utrykke stor entusiasme over Oppenheimer. Nolan har både skrive og regissert ein episk film som blandar historie, spenning og biografi. 

Skodespelet er også meget solid. Cillian Murphy har vore god i mange, mange år, og leverer ei kompleks, sår og tung hovudrolla. Han er veldig truverdig som Robert Oppenheimer. Da er alt for mange gode støttespelarar til å nemne alle, men eit par må likevel uthevast. Robert Downey Jr. gjer ein fin innsats som Lewis Strauss. Sidan hans store comeback i rampelyset på midten av 2000-talet har litt for mange av rollene hans likna på kvarandre. Eg har ofte følt at han spelar den same figuren i dei fleste filmar. Difor var da særdeles positivt å sjå han spele ei litt anna rolle, og gjere ein god jobb med den. Matt Damon, Florence Pugh og Emily Blunt får også kvar sin tommel opp frå meg. 

Ein vanleg kritikk mange har gjeve Nolan angår lydmiks. Dersom du er ein av dei har eg gode nyhende. Lyd, musikk og miksane deira er ein av filmens mange, og store, tekniske styrker. Praktiske effekter, redigering og biletfotografi er også på den lista. Ludwig Gøranssons musikk er ganske sterk, og filmfotorgraf Hoyte van Hoytema skal også få skryt. Her kjem da nok mange nominasjonar til Oscar utdelinga. 

Oppenheimer er lang, men fortene absolutt ein tur på kino dersom du har tre ledige timar. Dette er ein av årets sterkaste til nå, og vil nok framles stå på den liste ved slutten av året   

9.0/10

The Good:
  • Cillian Murphy er stor
  • Resten av rollebesetninga leverer
  • Chris Nolans regi
  • Treffer på alt da tekniske
The Bad:
    Ingenting å utsette!