Film & TV

The Flash

Skrevet av andreas b / 02. July 2023

Del:

The Flash er regisert av Andy Muschietti. Den har Ezra Miller og Michael Keaton i hovudrollene.

The Flash har fleire gode sider, men kanskje lika mange dårlege. Handlinga er generelt spennande, action sekvensane underhaldande, og skodespelarane gode, men svak CGI, ujamnd manus og store augeblikk bare for å ha store augeblikk drar filmen ned. Hovudrolleinnehavar Ezra Miller gjer ein solid innsats i to forskjellige roller, sjølv om dei eine er skriven litt irriterande til tider. Michael Keaton gjer comeback som Batman etter 30 år vekke frå rolla, og gjer ein solid innsats. Nostalgi vil nok spela inn for mange, men da var mi oppleving at han spelte bra, og at figuren stort sett var bra skriven. Sasha Calle visar også positive tendensar i hennar altfor korte rolla som Supergirl. 

Filmen største svakheit er dei enormt svake effektane. Nokre effekter vil variere frå person til person kva dei syns, men ein god del CGI er veldig svak. Dei virkar uferdig og kan distrahera frå sekvenser som ellers kan vera ganske bra. 

The Flash ein marginal tommel opp, og ei anbefaling. Trass i filmens mange svake sider hadde den mange positive kvalitetar, og fleire augeblikk som fekk meg til å smila breidt.

6.5/10

The Good:
  • Gode action sekvensar
  • Keatons comeback
  • Miller er solid
  • Supergirl virka lovande
The Bad:
  • Meget svak CGI
  • Noko irriterande humor
  • Ujamnd manus