Film & TV

Ant-Man and the Wasp: Quantumania

Skrevet av andreas b / 23. May 2023

Del:

Ant-Man and the Wasp: Quantumania er regisert av Peyton Reed, og er den tredje filmen i serien om Ant-Man. Paul Rudd, Johnatan Majors, Kathryn Newton og Michelle Pfeiffer skildrar hovudrollene, og får støtte frå blant anna Michael Douglas og Evangeline Lilly. Filmen gjekk på kino i Februar, og er nå tilgjengeleg på Disney+.

Quantumania er ein skuffande oppfølgjar i ein av Marvels mindre interessante seriar. Filmane om Ant-Man har for min del vore underhaldande, men ganske midt på treet. Den typen film du likar mens du ser den, men neste dag kan du ikkje gjengje ein einaste sekvens i filmen. Diverre klare ikkje den tredje filmen å nå desse høgdane ein gong. Trass i eit par solide innsatsar frå Michelle Pfeiffer og Paul Rudd, og ein for ein gong skuld bra skurk i Kang, skildra av Johnatan Majors, er Quantumania eit særdeles middelmådig produkt. Mykje av skulda for dette ligg i eit manus som ikkje kjennes ferdig. Ant-Man og the Wasp er tittelfigurane, men framstår meir som birollar. Spesielt Evangeline Lillys Hope Van Dyne, kjennes som ho kun var med i filmen fordi ho måtte vera med. 

Kathryn Newton, som er den tredje skodespelaren som skildrar rolla, er ganske svak. Ikkje bare er figuren svakt skriven, men Newton gjer ikkje ein god innsats. Figuren er dårleg utvikla, og får veldig lite å gjera. Ho er dessverre lang frå den einaste kvar dette er eit problem. Eg trur at da hadde vore smart å fjerna eit par figurar frå filmen, og heller ha eit fokus på eit par viktige.

Tonen til filmen var også eit problem for meg. Dei som har lest mine tankar om Marvels filmar veit kva eg tenker om komedien deira. Eg syns sjeldan at dei gjer ein god jobb med komedien, men her er mangelen på komedie eit problem. Den vanlege feilen der dei øydelegge alvorlege scener med komedie er framleis der, men samtidig er da for lite komedie. Ant-Man filmane har hatt ein veldig komisk undertone, men her mangle ein del av den sjarmen. Dette kjennes ikkje ut som ein tredje film i ein serie.

Ant-Man and the Wasp: Quantumania er nok ein skuffelse frå Marvel. I ein lang periode gjekk alt rett for Marvel. Den tida er slutt. 

5.5/10

The Good:
  • Kang erobre
  • Pfeiffer imponerer
  • Effekter og Rudd sjarmere
The Bad:
  • Svakt manus
  • Merkeleg tone
  • Newton er svak
  • For mange figurar med for lite fokus