Film & TV

Avatar: The Way of Water

Skrevet av andreas b / 24. December 2022

Del:

Avatar: The Way of Water er regisert av James Cameron, og er oppfølgaren til tidenes mest innbringande film Avatar. Sam Worthington, Zoe Saldana og Stephen Lang er tilbake i same roller, og fleire nye namn dukke opp i roller både store og små.

The Way of Water har ikkje ein enkel jobb. Ikkje bare var forgjengaren den mest innbringande filmen nokon gong(dersom ein ser vekk frå inflasjon), men den var også nominert til eit hav av prisar, og er fortsatt anerkjent som den ubestridte kongen av 3D. I følge denne skribenten er ikkje denne filmen bare lika bra som den første, men betre. Den største kritikken mot Avatar var handlinga. Den kunne minna om ein del andre kjent filmar. Da er ikkje eit problem med The Way of Water. Da er også eit meir interessant sett med karakterer, sjølv om nokre av dei kunne fått litt meir tid. Filmen er rett over tre timar, men kjentes aldri lang. Handlinga har også eit solid tempo. 

Camerons regi og da visuelle er der filmen skin aller mest. Spesial effektane er nokre av dei beste du kan sjå på film. Sjølv om du veit at da du ser på ikkje er ekte, er kvaliteten såpass høg at da kan sjå ut som da er da. Undervatn sekvensane som er nye i denne filmen er spektakulære. Dei fann opp ny teknologi for denne filmen, og da er penger som vart brukt godt. Å laga gode action scenar på sjø er ikkje enkelt, men den prøven har Cameron bestått med god margin. Action sekvensane generelt er veldig gode.

Avatar: The Way of Water er definitivt ein film som kan anbefales. Den er eit storeslått episk action eventyr som vil glede ein kvar kinogåar. 

 

8.5/10

The Good:
  • Betre CGI skal du leita lenge etter
  • 190 minutt, men kjennes ikkje lang
  • God action, sterk underhaldning og fin historie
The Bad:
  • Nokre figurar kunne fått meir fokus