Film & TV

Enola Holmes 2

Skrevet av andreas b / 09. November 2022

Del:

Enola Holmes 2 er regisert av Harry Bradbeer, og er ein oppfølgjar til Enola Holmes frå 2020. Millie Bobby Brown er tilbake i hovudrolla, og Henry Cavill er også tilbake som Sherlock. Filmen hadde premiere på Netflix 4 November.

Enola Holmes 2 er ein meget god oppfølgjar. Den fortsette der den forrige slapp, og bygger vidare på da den gjorde, samtidig som den klarer å vera uavhengig. Manusforfattar Jack Thorne har klart å unngå dei same feilstega som altfor mange gjer med film nummer to. Dette føles ikkje bare som den første filmen ein gang til, men eit nytt kapittel i historia. Bradbeer har igjen regisert bra, og filmen har lika sterk produksjon som den forrige.

Brown og Cavill gjer igjen sterke roller. Manuset til filmen gjer ein god jobb med begge to. Sherlock sitt intellekt vart ikkje ofra for å gjera Enola smartare, men samtidig løyser ikkje Sherlock alle problem umiddelbart og gjer Enola overflødig.

Enola Holmes 2 er ein solid familie film, og ein god oppfølgjar som får mi anbefaling.

 

7.5/10

The Good:
  • Bra spelt
  • Sterk produksjon og regi
  • Sterk produksjon og regi
  • Unngår vanlege oppfølgjar feil
The Bad:
    Ingenting å utsette!