Skrevet av andreas b / 03. October 2022
Blonde er regisert og skrevet av Andrew Dominik. Filmen er basert på den skjønnlitterære boka av same namn, skrevet av Joyce Carol Oates. Ana DeArmas speler hovudrolla som Marilyn Monroe, Filmen hadde premiere på Netflix 28 September.
Blonde er ein vanskeleg film. Meininga eg hara om filmen gjekk fram og tilbake mellom genial, og altfor mykje. Filmen er nesten tre timar, og mesteparten av historia handlar om Monroes personlege problem. Filmens historie kan bli veldig tung til tider, og eg kan sjå for meg at mange ikkje har lyst å fullføra den. Kor mykje av historien som er basert i fakta veit eg ikkje. Boka den er basert på er ikkje sakprosa, og forfattar har nok lekt ganske mykje med sanninga. Dette er på ingen måte ei positiv skildring av Monroe. Filmen er veldig negativ og nedlatande mot ho.
Da filmen kan få skryt for utan nokon asterisk, er hovudrollainnehavar Ana DeArmas. Ho speler rolla utmerket, og skildrar dei mange kjenslene som drukna Monroe nydelig. Monroe var eit menneske med ein tragisk historie, og DeArmas gjør dette bra. Ho spelar og den sensuelle delen av personlegheiten hennar godt. Den cubanske aksenten hennar er merkbar, og ho klarer ikkje å høyras heilt amerikansk ut, men eg meiner skulda for dette ligg hos dei som gav ho rolla.
Eg er og usikker kva eg synest om Dominiks regi. Filmen fortjener for det visuelle, og den var interessant visuelt. Lengden derimot er eg meir kritisk mot. Da var ikkje nødvendig at filmen var tre timar long. Her burde da ha vore trimma vekk nokre overflødige kilo frå manuset.
Dette er ein vanskeleg film å anbefale nokon so mhelst. Eg er glad for at eg såg den, men eg tvile på at eg kjem til å sjå den igjen med da første. Dersom du er ein stor fan av Marilyn Monroe, bør du absolutt unngå filmen.