Musikk

Kvelertak USF Verftet 26. September

Skrevet av skribenter.html / 02. October 2023

Del:

26 september 2023 spelte Kvelertak, i anledning sitt nye album Endling, sin første av to konsertar på USF Verftet i Bergen by. Sistestopps skribent var ein av dei som hadde kjøpt seg billet til denne hendinga. Saman med gruppe mennesker - eg er for lat til å finna ut kor mange - høyrde eg eit av Rogalands store tung rock band, eller "Black N' Roll" som dei sjølv kallar seg, spele femten låter, både gamle og nye.

Gruppa byrja konserten eksplosivt - noko anna er nok ikkje mogleg for dei - med songen "Krøterveg Te Helvete", kort etterfulgt av ein av bandets signatur låter "Blødtørst". Allereie her vart standarden for kvelden sete høgt og fartsfylt med gode bidrag frå eit livleg publikum som gjerne bidrog som kor. Frå der slutta aldri gjengen på scena med å køyra på, og haldt energinivået oppe dei neste åtti minutta. I løpet av denne tida - som da gamle utrykket seier, gjekk fort - serverte Ivar, Håvard, Bjarte, Marvin, Maciek og kveldens gitarvikar Eirik ei god blanding av gammalt og nytt, med ei setlista som var, i følge meg, klokt snekra saman. Kvelden vart avslutta med ein forykande trippel i form av tittellåta "Endling", signatursongen "Mjød", og "Bråtebrann" frå Splid, Ivars første album med gruppa.

Da var sjølvsagt ikkje kun på lyd og energi dei leverte, nei tvert i mot. Den musikalse delen var lika bra, og alle seks som stod på scena er drivne i sitt fag og spelte låter dei sikkert har gjort utalige gongar før med entusiasme og teknikk. Vokalist Ivar NIkolaisen fortene ei eksra utheving, igjen i følge meg. Eg er ein som alltid har sete pris på den brutale og intense røysta til Erlend Hjelvik og var derfor skeptisk då han forlet Kvelertak, men Ivar har vist seg gong på gong som ein verdig etterfølgar. Han prøver ikkje å kopiere sin forgjengar, men syng heller låtane på sin eigen måte med stor suksess. Ein får aldri ein kjensle av at han er ein plan b eller noko middelmådig coverartist, men eit fullverdig medlem i gruppa og ein sterk frontfigur. Han fekk sin fortente hyllest dei tre eller fira gongane han valde å hoppa av scena - i motsetning til andre artistar med meir radio venleg stil vart han tatt i mot kvar gong.

Kvelertak er eit av landets mest populære og beste grupper, noko dei demonsterte denne, og sikkert mange andre kveldar. Dersom du har moglegheita til å sjå dei i løpet av Krøterveg Te Helvete turneen, enten i Norge eller utland, kan da absolutt anbefales. Sjølv dei som ikkje er veldig kjent med gruppa sin diskografi bør vurdere ein tur.

PS! Oppvarminga stod tenåringsbandet frå Hundvåg, Autonomie, for. Dei viste fram eigenkomponert thrash/speed metall i klassisk åttitals stil. Trass deira unge alder viste dei potensial i deira korte oppvarmingset. Gruppa sin alder var tydeleg i musikken deira, men sjølv om da var rom for forbetring er potensiale der, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at dette kan bli eit namn ein vil høyra igjen i da norske metallmiljøet.


 

 

 

9.0/10

The Good:
  • Smart samansat "setlist"
  • Sterk live opptreden
  • God stemning
  • Akkurat rett lenge
The Bad:
    Ingenting å utsette!