Artikkel / Film & TV

23. januar 2023
Av: andreas b

Del på Facebook

2022s beste filmar

Artikkel / Film & TV

23. januar 2023

Eit nytt år er over, og eit nytt år har byrja. Då er da på tide med ei kåring av forrige års beste filmar. Ein etterlengta oppfølgar til Avatar, ein overraskande suksess i form av Top Gun: Maverick, ein meget sterk nyinnspeling av Nightmare Alley og sterke teikneserie heltar i The Batman og Spider-Man: No Way Home var blant filmane som var veldig bra, men ikkje nådde heilt opp på mi lista over 2022s aller beste. Både filmar som gjekk på kino, og hadde premiere på diverse streaming tenestar, klarte å komma med på årets lista.

Som vanleg er lista basert på norsk premiere dato*

13. Guillermo del Toro's Pinocchio

Sjølv om Nightmare Alley akkurat havna utanfor lista så klarte likevel del Toro å komma med i år. Hans stop motion versjon av den klassiske historia var ein nydelig animert sjanger miks for alle aldrar.

12. Everything Everywhere All At Once

Kanskje årets største overrasking. Ein science fiction drama komedie som treffer på alle tre sjangrane. Eit morosamt eventyr fullt av kjensler, med sterke roller frå fleire. Ke Huy Quan leverer i sin tilbakekomst som skodespelar ei av årets beste rolletolkingar.

11. The Unbearable Weight of Massive Talent

Nicholas Cage speler Nic Cage i ein film som veldig enkelt kunne ha vert eit einaste stort ego prosjekt. I stadenfor er dette min favoritt komedie frå 2022. Pedro Pascal er og enormt god. Ein film som bruker meta humor korrekt.

10. The Menu

Spennande og overraskande svart komedie thriller med ei meget sterk rollebesetning. Filmen har ei kreativ og original handling. Ralph Fiennes leverer ei veldig sterk tolking. 

9. The Night House

Ein film som lett kunne vert ein standard skrekk film, men takka være sterk regi og manus, kombinert med ei nydeleg hovudrolla frå Rebecca Hall, vert ein meget god psykologisk thriller. Er du glad i skrekk er dette absolutt ein film for deg.

8. The Stranger

Ein australsk krim thriller som aldri fekk den merksemden den fortjente. Joel Edgerton og Sean Harris gjer ei stilstudie i diskre og tilbakehaldt skodespel. Basert på ein ekte historie.

7. Krigsseileren

Årets norske storfilm var eit frispark i krysset. Ein sterk historie om nordmenn som segla under andre verdskrig. Kristoffer Joner og Pål Hagen og alle andre som spele i filmen er veldig gode. Andre verdskrig filmar er ein sjanger den norske filmbransjen er flinke til å laga.

6. Elvis

Ein enorm prestasjon i hovudrolla frå Austin Butler, kombinert med ein sterk historie og bra musikk, gjer at filmen om Kongen av Rock N' Roll Elvis Presley vert ein av årets sterkaste filmar. Filmen anbefales til både dei som er glad i Elvis Presley og dei som har lite kunnskap om han. Denne filmen kjem til å høsta mange Oscar nominasjonar.

5. Drive My Car

Filmen som vart belønna med Oscar for beste internasjonale film. Eit tre timers drama om tap og sorg, som aldri kjendes lang. Når du klare å få eit så langt drama til å vera interessant og spennande, då har du gjort ein god jobb.

4. The Northman

Robert Eggers viste igjen at han er ein av bransjens mest interessante nye regissørar. Ein blodig historisk thriller om ein ung viking prins på hevntokt. Sterk regi, gode roller og nydeleg produksjon. 

3. The Intet nytt fra Vestfronten

Tysk krigsdrama om første verdskrig. Brutal, rå og full av sterke kjensler med ei sterk rollebesetning.

2. Pig

Då eg såg denne filmen på kino, var eg den einaste i salen. Da er ein stor synd! Denne filmen fortjente absolutt eit større publikum. Hadde Nicolas Cage vore yngre er da ikkje usannsynleg at ein Oscar nominasjon hadde dukka opp på grunn av denne filmen. Ein film som er eit perfekt eksempel på at da ikkje er nødvendig å ha ein komplisert handling for at filmen skal vera bra.

1. Belfast

Kenneth Branaghs personlege drama om oppveksten i Belfast under konflikta i Nord Irland er eit utmerka stykke film. Regissør, manusforfatter og rollebesetning leverer alle enorme innsatsar i da som for denne skribent er årets aller beste film. Eit rørande drama som fortjener all skryt den fekk og meir.


Våre favoritter ↴


Klassiker: En innsjø på en øy i en innsjø?
Klassiker: En innsjø på en øy i en innsjø?

Som mindre skolegutt var det alltid av stor interesse å finne ut av hvilket fjell som er h&osl…

Menn på juleshopping
Menn på juleshopping

Julestria er nesten over, de fleste gavene burde være handlet inn, og det er på tide &ar…

Sovjetiske kontrollrom
Sovjetiske kontrollrom

Det er noe veldig vakkert med gamle kontrollrom fra Sovjettiden. For gledens skyld, her et et utvalg…

Møt Camilla Luddington, nåtidens Lara Croft
Møt Camilla Luddington, nåtidens Lara Croft

Hvem elsker vel ikke Tomb Raider og Lara Croft? Det gjør hvertfall vi. De nye spillene er fak…

Stanley Kubricks fotografier fra 40-tallet
Stanley Kubricks fotografier fra 40-tallet

Før Stanley Kubrick regisserte sin første film var han bare en vanlig gutt som lette e…