20. september 2022
Av:
andreas b
20. september 2022
Top Gun: Maverick er regisert av Joseph Kosinski, og er oppfølgaren til klassikaren frå 1986. Den har Tom Cruise, Miles Teller og Jennifer Connelly i hovudrollene.
Top Gun: Maverick er eit nydeleg eksempel på ein oppfølgar som ikkje bare lever opp til originalen, men overgår den på absolutt alt. Dette er ein visuelt vakker film, med nokre spektakulære kampsekvensar som få filmar kan samanlikna seg med. Action sekvensar i fly er meget vanskeleg å gjera på ein interessant måte, men Kosinski og laget hans har gjort ein utmerket jobb. Da er fantastisk å sjå ein storbudsjetts film som bruke pengene klokt, og ikkje bare kaste dei vekk på masse kjedelige spesial effekt dreven tullball, meint for å distrahere deg frå kor middelmådig filmen eigentleg er. Regissør Kosinski kan vera stolt over innsatsen sin.
Filmen har også ein god historie. Den er ikkje spesielt kompleks, men fortel ein menneskeleg historie på ein god måte. Tom Cruise speler ein aldrande helt frå ei anna tid meget godt. Rollebesetninga gjør jamnt over ein god jobb. Da hadde vore lett for ein sånn film å støtta seg for mykje på nostalgi, men takka være eit solid manus skjer ikkje dette. Sjølv dei som ikkje er spesielt glad i den originale, som artikkel forfattar er ein av, kan lika denne filmen. Ein stor tommel opp må også sendast i retning Harold Faltermeyer, Lady Gaga og Hans Zimmer for musikken dei har komponert. Eg er ikkje ein som alltid legg merke til musikk i filmar, og må ofte høyra den nokre gongar før eg klara å legga den på minne. Musikken i Maverick løfter fleire følelsesladde scener eit ekstra hakk opp.
Top Gun: Maverick er eit eksempel på at storfilmar fortsatt kan væra gode, og ikkje kun sjellaust masseprodusert fast food.
Som mindre skolegutt var det alltid av stor interesse å finne ut av hvilket fjell som er h&osl…
Julestria er nesten over, de fleste gavene burde være handlet inn, og det er på tide &ar…
Det er noe veldig vakkert med gamle kontrollrom fra Sovjettiden. For gledens skyld, her et et utvalg…
Hvem elsker vel ikke Tomb Raider og Lara Croft? Det gjør hvertfall vi. De nye spillene er fak…
Før Stanley Kubrick regisserte sin første film var han bare en vanlig gutt som lette e…