Skrevet av andreas b / 26. September 2022
Krigsseileren er eit norsk krigsdrama regisert og skrevet av Gunnar Vikene. Filmen har Kristoffer Joner og Pål Sverre Hagen i hovudrollene.
Å vere tidenes dyraste norsk produserte film skapar høge forventningar. Andre verdskrig er noke norsk filmbransje er glad i å laga film om. Krigsseileren er eit episk krigsdrama, om ein del av krigen som ikkje har fått så mykje oppmerksomhet før. Gunnar Vikene har regisert eit nydelig drama med mykje følelsar. Han fortjener skryt for sin innsats som regissør. Budsjettet er godt brukt, og dei store sjøsekvensane er nydelig filma. Filmsetta er også av høg kvalitet. Min eine vetle kritikk mot filmen, er at kanskje historia kunne ha blitt korta ned litegrann.
Filmen har ei meget sterk rollebesetning. Både Pål Sverre Hagen og Kristoffer Joner leverer veldig gode roller. Alle biroller, både store og små, fortjener også ein tommel opp for innsatsen sin. Eg vil også sende litt skryt til produsentane. Stort sett alle som speler i filmen er enten frå vestlandet, eller meir nordlige strøk. Eg har ingenting i mot austlandske skodespelarar og roller, men da er kjekt å sjå at nokre folk kan få snakka eigen dialekt på film. Ikkje alle figurar i norsk film og tv, må snakka austlandsdialekt heile tida.
Krigsseileren får ein stor tommel opp, frå denne anmeldaren. Dette er eit storslått krigsdrama, som alle nordmenn bør sjå.