Del på: Stumbleupon

Me held fram med julegaming, og beveger oss over i RPG-sjangeren.

Dagens spel er eit langt hopp frå forrige artikkel, både i innhold, sjanger og ikkje minst: aldersgrense.

SOUTH PARK: THE STICK OF TRUTH

"The Stick of Truth" er eit vilt harselas med RPG og MMORPG-sjangeren pakka inn i velkjent South Park-drakt. Du speler ein stille protagonist, den nye gutten/jenta i by'n, og blir kasta rett inn i rollespelet Cartman og den andre driv med. Her må du velge din allianse: human eller elf, og viktigst av alt lære deg å kontrollere di største kraft: tarmgass.

Meir enn det vil eg ikkje seie for å spolere handlinga, men dette er eit utruleg moro og barnsleg spel (kanskje mest for gutta denne her). Det er eit gjensyn med alle dine favorittfigurar og stader frå serien, med ei handling som glatt kunne blitt omgjort til eit knippe episodar, samstundes som det òg er ein tribute til RPG-sjangeren på South Parks eigne og noko spesielle metode. Slossingar i spelet tar velkjent RPG-form, turn-basert, og du går etterkvert opp i level og får oppgradert utstyret ditt for å kunne nedkjempe sterkare fiendar.

             Spelaren og ein av hans assistentar i kamp mot ein av dei mange monstera i spelet.

Best av alt er nok den til tider langt-over-streken absurde humoren, som blant anna førte til både utsetjing og redigering av spelet i fleire land. Berre det i seg sjølv bør vere ein god attest. Forutan ein god hovudstoryline er det og masse "sidequests" som er med å sikre at spelet har både gjenbruksverdi og lang speletid.

             Ein av dei ikkje reint få kontroversielle og drøye scenane frå spelet. 

Spelet er òg på sal på Steam nett no, med 66% rabatt, og prisen 108 kroner. Liten pris for mange, mange timar med moro, sjølv om artikkelforfattar må få understreke tydeleg: dette er ikkje eit spel for barn!

Link: http://store.steampowered.com/app/213670/



Spill & Gaming Skrevet av: christian b Skrevet: 26. December 2014
Del på: Stumbleupon
Kommentarer elsker vi, men Kardemomme-loven gjelder. Vær snill og grei og respekt andre mennesker.