Del på: Stumbleupon

Juleferien er i gong, og rundt i alle hus og heimar i Noreg er det eit viktig spørsmål som trengs svar på: Kva spel skal eg bruke ferien min på i år?

Det er ikkje å stikke under stol at juleferiens eigentlege føremål; ski, aking og trivelege gløggselskap med familie og vener, er noko som høyrer fortida til. Ihvertfall om du er i alderen 16-24, og sitt med eit genetisk hat for alle samankomstar kor Norsk Tipping kan gi 1,03 i odds på at tantene kjem til å diskutere kor mykje betre liv dei har enn klassevenninnene dei ikkje har snakka med sidan 1979. Det er i slike høve "oss gutta" trekk oss fint tilbake til gutterommet og konsollen/pc'en.

Og det er då spørsmålet byr seg: kva skal eg spele i år då? Juleferien 2014/15 er ekstra vrien - han er nemlig to heile veker (ihvertfall her på vestlandet, jour.anm.) og det krevjer nøye planlegging for å unngå den ultimate krisa: å gå tom for spel før skule/arbeid starter opp att. 

For å hjelpe stakkars nerdar landet rundt vil difor skribenten stille sin ekspertise (dersom avhengigheit og bekymringsverdig antall timar foran skjermen kan kallast det) for å hjelpe deg å ha nok spel heilt til 5. januar.

Annakver dag, heilt fram til ferien er slutt, kjem det derfor til å kome ei ny spelanbefaling til julegameren. Og me starter med.....

Terraria

Eit open-world spel som i bunn og grunn er ein kombinasjon av gode gamle platformspel og Minecraft. Du speler ein eventyrar som skal grave, sprenge og slåss seg igjennom ei 2D-verd fylt av jord, stein, gull, zombiar, mannevondt slim og andre ymse skapningar hvis mål i livet er å gjere ende på deg.


Spelarar i kamp med ein av dei mange bossane i spelet.                Spelarar i kamp med ein av dei mange bossane i spelet.

Terraria er eit glimrande spel til juleferien av fire enkle grunnar:
1) Det er billig - kun 21 kr på Steam fram til 2. januar.
2) Det er utruleg enkelt å lære seg, og progresjonen er såpass kjapp at du innan kort tid føler at du blir belønna for strevet ditt - noko som har vore Minecraft sin store flaskehals.
3) Multiplayer. Kven som helst med opne portar kan kjøre server (og all serverprogramvare er inkludert i spelet) og vips så kan du spele med vener. Underteikna har så langt i desember logga vel 60 timar i lystig lag med vener på eigen server. Ekstra moro: du kan spele med singleplayer-figurane dine!
4) Spelet tar "aldri" slutt. Det er alltid noko nytt å gjere, anten det er å nedkjempe den neste bossen, utforske verda i aust og vest, eller byggje eit imponerande byggverk.

Døme på imponerande og tidkrevjande byggverk.              Ein av dei imponerande, og tidkrevjande, byggverka i spelet.

Underteikna kan ihvertfall anbefale spelet på det sterkaste. Det er utruleg moro å spele - anten i multiplayer eller singleplayer, sjølv om fleirspelar er å anbefale for ekstra moro, særleg i kombinasjon med Skype.

Spelet kan kjøpast billig i Steamstore fram til 2. januar her: http://store.steampowered.com/app/105600/



Spill & Gaming Skrevet av: christian b Skrevet: 24. December 2014
Del på: Stumbleupon
Kommentarer elsker vi, men Kardemomme-loven gjelder. Vær snill og grei og respekt andre mennesker.