Del på: Stumbleupon

Pink Floyd kjem med si 15. plate, vel 20 år etter den forrige.

Mykje har skjedd sidan "The Division Bell" blei møtt av pisslunken kritikk i 1994. Bøker er skrivne, soloplater er gitt ut, og bandmedlemmer har forlatt oss. Rick Wright (keyboard, piano) måtte i 2008 gi tapt for kreften, og det satte endeleg punktum for progrock-kongane i Pink Floyd. Sjokket var difor eit faktum når bandet sommaren 2014 kom med meldingane ingen hadde venta: Pink Floyd kjem med nytt album i November. Plata får navnet "The Endless River", ein tittel som speler på ei verselinje frå 1994-requiemet "High Hopes".

Dog: dette er ikkje ei "ny" plate. Materialet som er tatt utgangspunkt i er "leftovers" frå sesjonane i 1993-1994, opprinneleg tiltenkt eit instrumentalalbum som seinare vart skrapa. Med dette som grunnmur har Mason (trommer) og Gilmour (vokal) bygd vidare, slik at bandet har vorte "komplett". Albumet er i stor grad eit samanhengande verk, delt inn i fire "akter" på dei fire platesidene (om du ikkje veit kva ei plateside er, spør far din).

Det er naturleg å vere skeptisk til slike "resteplater", dei plar jo tross alt bestå av materiell som ikkje var "godt nok" tidlegare, kvifor er det plutseleg godt nok no? (dei to fadesane "Michael" og "Xscape" av Michael Jackson er gode døme på dette). "The Endless River" er derimot ikkje så skadelidande av dette. Dette er jo tross alt ikkje musikk som blei kasta vekk som "for dårlig", men som rett og slett aldri blei fullført som planlagt. 

Allereie frå første låt er det ingen tvil: dette er ei Pink Floyd plate. Den velkjente sounden er der, frå Wrights subtile orgelharmoniar til Gilmours rivande gitarspel, flott backa av Masons velkjende, stødige trommeslag. Med original-bassist Waters ute i kulda (mest av eige initativ) er det turnebassisten Guy Pratt (1987-1995) som bidrar, og ein ender med ei plate som minner meget godt om dei platene som kom på tampen av Pink Floyds lange karriere. For å sei det enkelt: om du er fan av dei to foregåande platene er denne midt i blinken for deg. Om du liker deg betre med dei klassiske platene frå 70-talet? Kanskje ikkje så mykje.

Dette er utan tvil ei fullverdig Pink Floyd-plate. Sounden minner fortreffeleg om "Marooned" (1994) gjennomgåande, og føles på mange måtar som ei forlenging av dei instrumentale bitane frå "The Divison Bell". Men det var jo tross alt det plata i utgangspunktet var tenkt som: eit instrumentalt speilbilete av nettopp "The Division Bell". Samstundes vert plata litt dryg. Med unntak av dei siste låta er alt instrumentalt, og mykje av det er likt. Ved første gjennomspilling var eg meget imponert, samme ved andre gjennomspeling, men ved tredje merka eg at dette var ei plate du fort kan bli lei. Særleg om du ikkje var noko fan av det instrumentale frå starten av.

Bør du likevel kjøpe ho? Ja, utan tvil. For sjølv ei middelmådig Pink Floyd-plate er betre enn det meste andre på platesjappa i 2014.

 

 

6.0

Ok

Plusser:

  • Vakkert gjenhøyr med ein velkjent sound
  • Godt gjennomført, resteplate til tross
  • Inndelinga i fire akter fungerer bra, gir plata ei kjensle av heilskap

Minuser:

  • Avgrensa gjenhøyrsverdi
  • Lite nyskaping
  • Mangelen på vokal gjer at plata blir tidvis keisam
Musikk Skrevet av: christian b Skrevet: 21. December 2014
Del på: Stumbleupon
Kommentarer elsker vi, men Kardemomme-loven gjelder. Vær snill og grei og respekt andre mennesker.